Skikarusell på Kleppa 2023

Skikarusellen på Kleppa startar 7. januar. Det er planlagt 5 renn i løpet av vinteren. Følg med på Facebook, det kan komma endringar. Kiosken i skihytta blir open.

  1. Laurdag 7. januar kl. 10-11
  2. Måndag 23. januar kl. 17-18:30
  3. Laurdag 4. februar kl. 10-11
  4. Laurdag 4. mars kl. 10-11
  5. Laurdag 25. mars kl. 10-11 → Premieutdeling/sesongavslutning kl. 11:30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 130 kroner og vert seld på Kleppa når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet. Dersom du har startnummer frå tidlegare, så ta det med.

Fjellturar

Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar heilt fram til premieutdeling.

Premiering

Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. (det vert premiering for alle påmeldte deltakarar) Det vert premieutdeling laurdag 25. mars.

Presentasjon av styret og quiz med premie!

God nytt år! Vi håpar freden har senka seg i hus og heim og ynskjer å takke for året som var, og å informere litt om dei nye ansikta bak leiarverva våre.

Men, fyrst litt om SYRIL
SYRIL er eit lagarbeid – derav idrettslag. Det er ikkje nok med ein eller to på topp som tek seg av det administrative, ei heller ein trenar utan eit styre i ryggen. Vi treng kvarandre, og vi treng alle. Det som har gjort, og framleis gjer, Syril til eit så godt idrettslag, er at me alltid har hatt mange som stiller opp, alt frå sportslege leiarar, nestleiarar, økonomiansvarlege, lagleiarar, trenarar, kioskansvarlege, dei som trakkar opp løyper, dei som bakar kakar og vaskar drakter, dei som ryddar etter oss utan at vi merkar det, spelaren som stiller opp eit år til for at ein kan stille eit lag ein sesong til – og mange, mange fleire. Tusen, tusen takk!

Takk til dei som no har sendt stafettpinnen vidare
Det er mange som har vore med lenge, men i 2021/2022 har det også vore ei utskifting av fleire av verva i hovudstyret. Vi ynskjer difor å takke dei som har vore med, og å gjere dei nye betre kjent hjå våre medlemmar.

Så, takk Per, Eva, Nils Magne og Magna for den enorme innsatsen de har lagt ned i SYRIL! Og ei ekstra takk til Per Hauge, som har vore leiar for Syril i meir enn 25 år! Me håpar at de framleis vil halde fram med å vera støttespelarar inn i Syril sitt arbeid.

Dei nye i styret
Som seg hør og bør må det jo vera nyttårsquiz, og i den anledning har laga ein presentasjon av dei som no skal sørgje for at Syril står stødig framover. Det kan vera til hjelp å lesa litt om desse før du svarar på quizen under. Og kanskje litt hyggeleg også å bli litt betre kjent med dei? Men, svara finn du også dårleg gøymt rundt om på syril.no, så vi kan nok ikkje skryte på oss at dette er ein spesielt vanskeleg quiz. 🙂

Og heilt til sist. Vi skulle gjerne ha fått presentert kvar enkelt av alle som stiller opp , men det rekk vi ikkje. Men, om det er noko du gjerne vil at skal få litt ekstra merksemd, send gjerne eit tips til oss (post@syril.no).

Vinnar av quiz blir trekt av dei som svarar rett innan 08.01.23, og vil få ein twistpose levert og spandert av nye leiar av Syril.

Eg har full kontroll – ta meg til quizen med ein gong 🙂 !

Presentasjon av hovudstyret:

Jørn Gåsvær

Jørn har leia friidrettsgruppa sidan 2020, og har vore trenar i Syril friidrett sidan han kom til Leikanger i 2009. 

Jørn er oppteken av at Syril friidrett skal kunne gje eit trygt og fagleg godt breiddetilbod til alle aldrar og på alle nivå. Personleg er han spesielt oppteken av å trene dei som set seg høge mål og som vil satse på å kome langt innanfor friidretten. 

Jørn har tidlegare vore trenar i fleire klubbar på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge i 15 år, og m.a. vore krinstrenar i spyd i Finnmark og i Sogn og Fjordane. Jørn har og vore leiar i friidrettsklubben Namsen i Namsos. Han var aktiv i friidrett i alderen 15-22 for Førde IL, med fleire krinsmeisterskap i gute- og juniorklassane, og ei besteresultat på 60 meter i spyd. No er Jørn aktiv i veteranfriidrett, og har tatt fleire medaljar på NM og sett krinsrekordar i 5-kamp kast for Syril. 

Jørn har mest innsikt i kastøvingane, men kan og mykje om hopp, sprint, hurtigheit, spenst og styrketrening

Torill Felde

Torill er fødd og oppvaksen på Byrkjelo. Ho starta si idrettskarriere med deltaking i skikarusell og etterkvart handball. Ho seier sjølv ho ikkje utmerka seg spesielt i nokon av idrettane, men at det var ein god oppvekst i ei aktiv idrettsbygd. Ein av gledene ved å bli 15 år var at då fekk ho endeleg lov til å gå på sirkeltrening! Det kan også nemnast at ho også var aktiv innan orientering, men at det vart mange bomturar i skogen 🙂

Torill har budd i Leikanger sidan 1996, og har etablert seg her med man og to born. ho er spesielt glad i friluftsmogleikane i bygda, både sommar og vinter.

Torill har vore aktiv i fleire av gruppene i Syril. Først i barneskigruppa/skigruppa og barneidrett, så etterkvart som lagleiar i handball og fotball. Ho har også vore med i trimgruppa i mange år. I tillegg har ho vore med på pakking og utdeling av startnummer i samband med Kjeringi Open sidan ho kom til bygda, samt ymse dugnader i tilknyting til aktiviteten i Syril. 

Birte A. Røysum

Birte er fødd og oppvaksen i Leikanger, og har vore aktiv innan fotball og handball sidan barndommen og inn i vaksenlivet. Ho har no ungar som også er aktive medlemmar i Syril, som ho føl tett opp som både lagleiar og trenar. Fotball og handball ligg hjarta nær.

Syril er ein viktig del av identiteten til Birte, og når ho sa seg ferdig som utøvar, så stilte ho opp som frivillig i klubben, og det har ho gjort sidan. I 2021 vart Birte tildelt Blå diplom frå NFF, som blir tildelt eldsjeler nominert av eigen klubb. I tillegg har Birte vore medlem av fleire styre, både som leiar, nestleiar og kasserar.

Inga Halsnes

Inga blei valt inn som leiar i mars, og er ein av dei nye inn i Syril. Ho har ein gjeng godt erfarne og dyktige folk i skigruppa. Ho er veldig glad i å både stå og gå på ski, men engasjementet for skigruppa stammar nok mykje frå hennar eigne gode minner frå Kleppa med skøyter på froskedammen, skikarusell, turar til fjellet og kjekke dagar i trekket.

Heldigvis for Syril har ho no flytta heim til Systrond, og ynskjer å gi sine eigne born dei noko av dei same mina som ho sjølv har fått. Det å sjå den enorme deltakinga på skikarusellen og korleis skileiken dei to siste åra har vokse til å bli skikkeleg populær, er ein inspirasjon som ho ynskjer å ta del av!

I tillegg motiverer det å sjå alle dugnadstimane som små og store legg ned på Kleppa, og ho håpar ho kan bidra med noko tilbake:) Vi er veldig glade for at Inga no er del av Syril hovudstyre!

Olav Haugen

Olav er opphavleg frå Borgund, men vart lokka til bygda av ei systrondsjente. Han har tre små born som snart alle er aktive som utøvarar i Syril.

I Jostedalen brukte han mykje av tid på å vera i fjella og spele fotball. I tillegg var han også ivrig skiløpar. Som mange av dei andre som sit på liknande verv, så er det gleda over å kunne følgje opp borna som gjer til at han stiller opp, og verv som trenar, lagleiar og nestleiar er ikkje framand for han.

Sindre B. Ramung

Sindre er født 1982 i Bergen, men har budd i Sogn sidan 2006. I 2014 flytta han til Leikanger. Sindre er gift med ei systrondsjente, og har tre barn. Dei to eldste er aktive i Syril, og den siste kjem nok straks etter.

Sjølv har han vore aktiv innan friidrett og fotball, men har no flytta seg over på den administrative sida av idretten, men det hender framleis at du ser han joggande langs vegen, eller som deltakar i Kjeringi Open.

Sindre er oppteken av breiddeidretten, og at Syril har eit variert aktivitetstilbod til barn og vaksne på Leikanger, og vi er heldige som har han med på laget i Syril.

Elianne Eggum

Elianne har vore del av Syril i fleire år både som spelar, trenar, lagleiar, styremedlem og styreleiar. Ho har alltid vore aktiv, og har spelt fotball sidan ung alder, og handball i fleire år etter at ho flytta heim til Leikanger. Når ho studerte i Skottland spelte ho også Gaelic football, som kan seiast å vera ein variant av dei to.

Men, det ho likar aller best er å vera ute og helst høgt oppe. Elianne er født og oppvaksen på Eggja i Leikanger, og oppveksten la nok grunnlaget for at fjellet i stå stor grad lokkar. Ho har to små born som dreg ho med ut, og som også sørgjer for å halde ho i aktivitet.

Dugnad ligg hjarta nær, og det å stille opp for kvarandre, ikkje berre sine eigne, gir mykje attende. Det å kunne vera tett på borna og å sjå korleis dei utviklar seg, er eit privilegium, ikkje ei plikt, sjølv om det til tider kan koste litt. Mantraet er at om alle gjer litt, blir det lite å gjera for alle. Ein kjem også inn i eit mijø der ein blir kjent med mange, og lærer mykje. Difor takkar ho ofte ja når ho blir spurt om å stille opp, og er glad for at så mange av medlemmane i Syril gjer det samme.

Karl Erik Johnsen

Karl Erik er gift med Mona, har 2 gutar, bur på Systrond. Karl Erik voks opp med ski på beina, og i ungdomsåra konkurrerte han mest på alpinski rundt om i Sogn. Seinare vart det telemarkski i Norges cupen  og Åsnes cupen i gamle fylket. Han har gått Jostedalsbreen på langs 22 år på rad, og har fått prøva seg mykje i både sol, skodde, kulde, vind og regn på Norges tak.

Karl Erik har sete i hovudstyret i 30 år, og mesteparten av tida som nestleiar. Han var primus motor for bygging av ny skibakke og nytt skitrekk på Kleppa. Og i lang periode ansvar for drifta av skibakken frå opninga i 2000. Som styrerepresentant har han vore tett på planar og bygging av friidretts stadion, kunstgrasbane, ballbinge, idrettshall, lysanlegg, kjøp av lagsbuss og trakkemaskiner, og drift av Syril.

Karl Erik har også sete i styringsgruppa av Kjeringi Open frå starten i 1993 til i dag. Han har i alle år hatt ansvar for alle etappar og spesielt løypesetting av fyrste etappe. Han har også hatt ansvar for å skaffe 150-200 funksjonærar til arrangementet årleg. Sjølv har han vore Superkjering i samtlege år i Kjeringi Open. Han er ein skikkeleg tøffing vert det sagt. 😊   

Ronny Rydningen

Ronny tok over vervet han no sit på i 2021. Ronny er ikkje frå Leikanger, men jobba her i sin spede ungdom, og vart verande. Det er ein gjengangar at vi har fått mange tilflyttarar takka vera systrondsjenter, og det er ikkje noko unntak med Ronny. Han bur saman med kone og born, som også er aktive inn i Syril.

Heidi Ravnestad

Heidi har budd i Leikanger i mange år, og har no born ho føl opp i Syril. Ho er aktiv i Syril, tidlegare som spelar og no som trenar. Heidi er oppteken av at ungane skal få vera allsidige, og har ungar som deltek i fleire idrettar. I ung alder er det viktig at ein får prøve seg på forskjellige ting, og ikkje låse seg fast til ein idrett. Vervet Heidi har, syner at ho står bak dette.

Heidersteikn og prisar

I helga var det Miljøhelg i Førde. Over 200 deltakarar frå heile fotballfamilien i gamlefylket var samla for fagleg påfyll, sosialt og festmiddag. I tillegg var det leiarmøte sundagen. Magna Vangsnes og Steinar Henjum vart tildelt blå diplom for sin innsats over lengre tid for Syril fotball. Gratulerar til begge! I tillegg fekk Syril pris for årets TINE fotballskule; plakett og 4 minimål.

Grunngjevinga for tildelinga av pris for årets fotballskule:

«Klubben er kvalitetsklubb og har i mange år vore dyktig på rekruttering av jenter, både blant aktive, trenarar og på leiarsida. Dette gjeld også for årets TINE Fotballskule.

Totalt 75 born deltok på fotballskulen. Blant dei var 43% jenter og på trenarsida var jenteandelen ca 50%. I tillegg hadde dei invitert to kretslagsspelarar frå klubben på jentesida som gjesteinstruktørar, noko som var kjekt og inspirerande for små fotballjenter. Keeperopplegget var populært og godt organisert. Kretslagskeeper på jentesida hadde m.a. ansvar for sportsleg opplegg og gjennomføring for jentekeeparar.

Klubben inviterte KA-trenar og KA-klubbutvikling med på instruktørsamling i forkant av fotballskulen. Sportsleg opplegg samt ei praksisøkt ute på bana vart gjennomført. Dei hadde ein god fagleg plan for gjennomføring, og sportsleg ansvarleg for fotballskulen var tilstades og fulgte opp instruktørane.

Fotballskulen hadde eit flott fokus på kosthold med brødmat, varm lunsj, TINE-ost og drikkeprodukt samt servering av frukt i alle pausar. Ungane fikk også informasjon om kor viktig det er med kosthold – drikke og ete godt for å kunne vere aktive ein heil dag på fotballskulen. Mange vaksne deltok i dugnad i samband med matserveringa og borna var samla rundt pådekte bord i gymsalen.

Det var ein god atmosfære og eit opplegg som fremma trivsel for alle som var med. Instruktørane var flinke med ungane og mange vaksne tilstades bidrog til å skape trygge rammar.

Klubben i Sogn scorar høgt i høve fokusområda i TINE Fotballskule og framstår som ein verdig vinnar i vår krets i 2022!»

Endring av syril.no komande helg

Komande helg, fredag kveld 25 til søndag 27.11, vil Syril endre design på heimesida.

I samband med arbeidet kan det vere at heimesida i periodar blir utilgjengeleg eller ikkje fullt ut funksjonell.

Trekning Syril Trim 2022

Årets Syril trim er ved vegs ende, og vi har trekt vinnarane av gåvekort!

Etter to år med stor auke i sal av trimkort er vi i år tilbake på «normalnivå», dvs. om lag som i 2019. Men det er mange som har fullført både turpostkort og/eller Trim30-kortet, stor applaus til både barn og vaksne! Vi håpar de har hatt mange fine turar sjølv om veret ikkje var det heilt store i sommar. Og alle er velkomne på trimpostane våre, med og utan trimkort.

Premiane er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ein stor takk til Erling Røysum AS og Små livgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større. Dei gjer det og enkelt for oss i samband med sal og innlevering av trimkort.

Vi vil og takke dei to andre sponsorane våre, Sogn Røyr og Byggmeister Langeteig & Volldal, som støttar aktiviteten vår. Takk også til alle gode hjelparar med smått og stort i løpet av sesongen (legge ut nye bøker, rydde stiar, klopper, fikse trimkasser, videoar m.m.). Vi set stor pris på all hjelp vi får!

Vinnarar av turposttrimmen og gåvekort à kr 1.000:

  • Guro Marie Bruteig Bøyum
  • Frida Fykse Lomås
  • Tarjei Fykse Lomås
  • Kenneth Lomås
  • Anna Røysum
  • Dorthea R. Alisøy
  • Siv Merete Stadheim
  • Signe Lekven
  • Per Høgheim
  • Ingrid Rishovd
  • Hege N. Nornes

Vinnarar av Trim30 og gåvekort à kr 500:

  • Olav Føleide Skinlo
  • Truls Pettersen Tyssing
  • Eli Sofie og Ole Magnus Eggum
  • Selja Pettersen Tyssing
  • Bodil Nornes
  • Eline Dimmen Henjum
  • Mari Fykse
  • Astrid Solberg
  • Ove Andre Slinde
  • Ola Nornes
  • Solbjørg Halland
  • Helga Maj Myren
  • Perny Kristine Dimmen
  • Kari Kitty Stadheim
  • Borgtor Bøyum
  • Sissel Espe

Vi gratulerer alle med god innsats, og håpar at mange av dykk vil vere med neste år og. Gåvekorta får de i løpet av dei komande dagane!

SPRING FOR MEG – Avkast 2022

Syril handball og AVKAST 2022 har fokus på positivitet rundt frivillighet og gleda av å skape noko saman.

Følg lenkja for å donere til løpet vårt, og å delta i løpet for å bli med i trekning av fine premiar: Spring for meg – avkast 2022

Barnekreftforeningen er ein frivillig organisasjon som jobbar for å sette fokus på barnekreft og som bidreg til forskning og utdanning for å bekjempe barnekreft. Foreningen er ein uvurderleg støttepartner for råka familiar, og inkluderar heile familien i samlingar og positive opplevingar i ein tøff kvardag.

Syril handball ynskjer å vere med å støtte deira viktige arbeid, og me håpar at mange vil delta i lag med oss. Vi arrangerer difor «Spring for meg» i Leikangerhallen kl 1430!

Litt om løypa: Vi møtes i Vrimleområdet (utanfor inngangen til garderobane) i Saften. Løypa startar med eit par rundar med musikk i hallen, før vi går ut og føl merka løype bort til Askedalen barnehage. Du vel sjølv om du vil springe, gå, trille eller danse deg gjennom løypa. Ein kan også velje sjølv kor langt ein ynskjer å forflytte seg :). Løpet blir avslutta med trekning av premiar utanfor Askedalen barnehage. 

Følg med på syril.no/avkast for oppdatert informasjon om arrangementet.

Fotballaurdag

invitera bygdafolket til fotballaurdag på Syril stadion laurdag 10.9

Denne dagen blir det spela 4 kampar.

Klokka 11.15 startar første kamp og det er J10 som er først ut og dei skal møte Årdalstangen

Klokka 12.45 er det klart for ein ny spanande kamp der G11 møter Jotun 1

Klokka 14.15 skal G13 kjempe om poenga mot Florø

Klokka 16 er det klart for siste kampen der herrelaget skal måla kreftene mot Hafslo

Mot opp og støtt laga våre i det som ser ut til å bli ein fantastisk
og spanande fotballdag på Syril stadion.

Det vil vera mogleg å kjøpe grillmat og mykje anna godt i Syril-kiosken.

Kiosken vil vera open frå ca. klokka 11 til 18.30.
Grillen er i full drift frå ca. klokka 13 til 17.

Det blir i tillegg loddsal med nyttige og smakfulle premiar!

Få med deg familie og vener, ta ein sein frukost, lunsj eller middag på stadion
medan de får servert flott underhaldning på bana.

Me kjem! Kjem du?

💥AVKAST 2022💥

Save the date, 16.-17.september!!

Syril handball gjentek suksessen frå i fjor, og gler oss til på ny å kunne invitere til sesongopning i Leikangerhallen.

Me har fokus på å bygge positivitet rundt frivilligheit og fellesskap for å kunne skape noko, samt å gi påfyll og læring til spelarar, foreldretrenarar og andre i støtteapparatet. Føredraga dreiar seg rundt dette, samt korleis ein skapar god lagskultur som dyrkar fram trivsel og meistring.

Vår eigen Rasmus Mo opnar arrangementet på fredag, og heile Norge si Linn-Kristin «Linka»  Riegelhuth Koren er klar for økter og føredrag på laurdag 🤩

Meir info kjem snart ✨

Norway Cup 2022

Ei spanande veke i Oslo er forbi, og det har vore god innsats frå alle tre laga. Gode oppdateringar har det vore undervegs, og det ser ut som det har vore ei kjekk veke både sportsleg og sosialt. Gratulerar til J 13/14 med 2.plass og sølvmedalje. De imponerar!

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: