
Kategoriarkiv: Telemark
Heiskøyrarkurs 28. februar kl 18:00
Det blir altså nytt heiskøyrarkurs onsdag 28. februar kl 18. Oppmøtestad – Skitrekkhytta
Tryggleik i drifta av anlegget på Kleppa er særdeles viktig. Kontroll på og gjennomføring av alle oppstartsrutinar noko av det viktigaste for å sikre trygg drift for på anlegget.
Vi ønskjer(krev) at som skal fungere som heiskøyrarar på trekket har gjennomgått heiskøyrarkurs. Kurset 28 februar blir truleg det siste for sesongen 2023/2024.
Mast i skitrekket må bytast
Etter samtalar med Taubanetilsynet og synfaring av anlegget av mekanisk firma Daco frå Kaupanger er følgjande bestemt:
- Mast nr 2 skal byttast ut med ny mast.
Det blir ikkje drift på anlegget i helga og framover.
Håper vi er klar om 2 – 3 veker!
Trekket stengt 27. og 28. januar
Det blir ikkje køyring av trekket komande helg. Som følgje av ei hending med trakkemaskinen torsdag kveld, har mast nr 2 blitt skada. Det er usikkert kor lang tid det vil ta å reparere skaden.
Offisiell opning av skitrekket!
Kom og bli med på den offisielle gjenopninga av Kleppatrekket laurdag 20. januar kl 11:30.
Det blir ein kort og kjekke markering der ordførar Stig Ove Ølmheim kjem for å starte trekket og ønskje oss lykke til. Prosjektleiar og påtroppande driftsleiarar Tobias Dahle og Runar Oen vil òg sei nokre ord. Og kven veit, kanskje treff de Elin Ekorn og Kåre Bjørn frå Sparebanken Sogn og Fjordane i bakken!
TIl orientering:
- Det kan bli fullt på parkering på Kleppa, gjer vel å parker smart slik at vi får plass til alle.
- Kleppakort og heiskort blir til sals i trekkbua. Der sel vi òg plastlommer, men vi veit at det er mange som framleis har nokre gamle plastlommer liggande, så ta dei gjerne med ,så slepp de å kjøpe nye.
- Prisar, opningstider m.m. finn du på Syril sine sider https://syril.no/anlegg/kleppa/
Opplæring heisvakter og gratis trekk i helga!
Førstkommande laurdag, 13. januar, kl. 09.00 – 11.00, blir det opplæring for dei som vil bidra med å vere heisvakt og køyre trekket i vinter. Det er fleire som har gitt beskjed om at dei vil vere med – men spre framleis ordet, så håpar vi at mange møte opp på laurdag. Opplæringa må alle som skal køyre trekket ha, uavhengig om du kan bidra mykje eller i ny og ne.
Når opplæringa er ferdig, køyrer vi trekket frå 12.00 og utøve. Satsar óg på å køyre trekket heile søndagen. Denna helga blir det gratis (med mogelegheit for å kjøpe Kleppakort og få det fysisk).
Frå og med den offisielle opninga 20. januar må ein ha plastlomme med bevis i (detta blir til salgs i trekkbua).

Stavsete skifest 2023
Sognefjordrennet
Minner om Camp Stavsete 2022
- Laurdag 2. april: Sognefjordrennet
- Søndag 3. april: Guida fjellturar med fjordpanorama
Her blir det skidagar for ALLE – og alle typar utstyr. Skileik og gratis grilling m.m.
Mvh
Egil Johannes Vangsnes
Syril telemark
Minner om instruksjon telemarksving
Arrangementa går som planlagt, og vert gjennomført etter samråd med smittevernlege.

Instruksjon telemarksving

