Kategoriarkiv: Friidrett

Honndalsleikane 2016

Laurdag 28.05 tok Eirik Skrede Valvik, Per Bjørk og Amanda Marie Dyngen turen til Hornindal. Per og Eirik deltok i 60 meter, lengde og høgde. Amanda på 600 og 1500 meter.

Erik Skrede Valvik sette ny personleg rekord i lengde med 4,42 m.

60 meter:

  1. Aron Solheim Engelsen – Breimsbygda IL 8,19 s
  2. Eirik Skrede Valvik – Syril – 8,47 s
  3. Nikolai Saetren – Hornindal IL – 8,52 s
  4. Per Bjørk  – Syril – 9,57 s

Lengde:

  1. Nikolai Saetren – Hornindal IL – 4,67 m
  2. Eirik Skrede Valvik – Syril – 4,42 m
  3. Per Bjørk – Syril – 3,92 m

Høgde:

  1. Eirik Skrede Valvik – Syril – 1,45 m
  2. Per Bjørk – Syril – 1,30 m

600 meter:

Har ikkje fått resultata enno

1500 meter:

Har ikkje fått resultata enno

Eirik «persa» 3 gonger i Vik

Eirik Skrede Valvik viste store framskritt i Vik. I tillegg til å delta på Vikjastafetten stilte han i klassen G14 i høgde, 60 meter og lengde. I alle greinene sette han personlege rekordar med:

  • Høgde: 1,50 m
  • 60 meter: 8,40 s
  • Lengde: 4,19 m

Han vann både 60 meter og lengde. I høgde enda han på tredjeplass bak to utøvarar frå Fana IL.

Ein kan bli mållaus av mindre….gratulerer!

Henrik vann 800 meter G15 i Vik

I tillegg til å vere med på gutelaget til Syril på Vikjastafetten, stilte Joshua Singdahlsen og mellom-/langdistansetalentet Henrik Farstad Skagen på 800 meteren på Vikjastemnet.

Joshua sette opp eit høgt tempo på den første runden og fungerte som hare for resten av feltet. På starten av andre runde vart han passert av ein anna løpar og Henrik. Sakte, men sikkert, henta Henrik inn det vesle forspranget konkurrenten hadde fått. Etter ein langspurt mot mål drog Henrik sigeren i land. Joshua tok ut alt og sikra tredjeplassen. Vi gratulerer begge med ein svært god innsats.

 

Andre plass i Vikjastafetten

2016VikStafett000

Syril-gutane (samla alder inntil 81 år):

  1. Joshua Singdahlsen
  2. Per Bjørk
  3. Eirik Skrede Valvik
  4. Henrik Farstad Skagen
  5. Gard Stokkenes Christensen
  6. Angelo Singdahlsen

leverte ein flott andre plass i Vikjastafetten 2016. Syril vart berre slått av Jølster IL. Vi gratulerer gutane med framifrå innsats!

Det er ikkje berre i stafett Syril gjorde det godt. Fleire av talenta leverte i dei individuelle konkurransane. Det kjem meir frå stemne seinare, men her er nokre bilete frå stafetten:

Friidrettstrening

SanniEdFriidrettsgruppa startar med utetrening på bana for alle frå 10 år (5. klasse) og oppover.

Første trening blir onsdag 6. april, og vi held fram kvar onsdag 18.30 – ca. 20.00.

Er du nysgjerrig på å finne ut kva friidrett er og prøve deg på dei ulike øvingane innanfor løp, hopp og kast? Då er du velkomen hos oss!

Vi har utøvarar som hevder seg blant dei beste i fylket, og vi har eit godt miljø med vekt på allsidig trening.

Du finn meir om friidrettsgruppa og trenarane under friidrett i toppmenyen.