Syril J-14 gjekk til topps i futsal i Øvre Årdal. Vann 4 av 5 kampar, med ein målforskjell på 10-1! Kjempeinnsats av alle jentene!
Kategoriarkiv: Fotball
Syril tok andreplassen i KM Senior Futsal
Syril-jentene sluttar ikkje å imponere: I KM senior futsal i Førde i dag, kapra dei 2.plassen, hakk i hæl på Balestrand, som blei vinnar med 2 mål meir skåra enn Syril-jentene😊 I seriespelet slo Syril Balestrand jentene, og det var tapet mot Kaupanger 2-0 som "øydela" for at nok eit km gull blei gul-svart. 2. plass-pokal er slett ikkje verst det heller 😁😉
Syriljentene kandidat til «årets sogning»
Syriljentene er kandidat til Sogn Avis sin årlege heiderspris for 2015. Dei 10 kandidatane er plukka ut for å ha utmerka seg i året som har gått.
Gi di stemme til syriljentene her. Frist for avstemming er 14. desember!


