Alle innlegg av Birte Andersen

KM futsal sluttspel i Førde

Førstkommande laurdag og sundag er det KM futsal sluttspel i Førde. 2 lag frå Syril gjekk vidare frå kvalifiseringa på Leikanger første helga i februar, og 1 lag gjekk vidare frå kvalifiseringa i Øvre Årdal same helg. J13 skal spele laurdag, J14 og J16 skal spele sundag.

For fullstendig kampoppsett trykk her: http://www.fotball.no/Documents/Kretser/Sogn_og_Fjordane/KM/2016/KM-aldersbestemt%20Futsal/Kampoppsett_KM_Sluttspel%20nettutg%c3%a5ve.pdf

For resultatservice, trykk her: http://www.profixio.com/matches/sparebankensfjkmfutsalaldersbestemt2016/d/dag/2016-03-05

Eliteturneringar

18.-20.mars er det eliteturneringar for G14, G15 og G16. Amund Bäckstrøm Vikdal er teken ut på TEAM Sogndal i klassen G15, og skal til Stavanger og spele mot Odd Grenland, Viking og Haugesund. Kristian Knudsen Berg og Andre Thorsnes Talle er tekne ut på TEAM Sogndal i klassen G16. Dei skal til Trondheim og møte Sandefjord, Odd Grenland, Start og Molde. Syril gratulerar gutane så mykje med uttaket, og ynskjer dei lukke til.

Syril gutar

Her er bilete av dei 3 gutane med laget sitt på KM i 2015.

Syriljenter på kretslagsturnering for J16

Syriljenter_kretslag11.-13.mars skal SFFK sitt kretslag for J16 til Sotra for å spele kretslagsturnering. Der skal dei spele mot kretslaga i Akershus, Trøndelag og Indre Østland. 4 jenter frå Syril er tekne ut til denne turneringa. Det er Stine Gjerde, Siv Hickman, Andrea Henjesand og Kristi Vangsnes. Syril gratulerar jentene med uttaket, og ynskjer dei lukke til.