Posting med e-post

Adresse å sende til: nett@syril.no.

  • Emnet på e-posten = innleggstittelen.
  • Meldingsteksten til e-posten = innlegget.

Leggjer du ved eit enkelt bilde blir det integrert i posten din. Dersom du sender med fleire bilete, vil dei bli vist som eit galleri. I tillegg er følgjande filformat støtta:

  • Lydfiler (mp3) vert spelt av ved hjelp av WordPress Audio Player.
  • Videofiler som mp4, mov, wmv, avi, mpg, og m4v blir vist ved hjelp av WordPress video player.
  • Alle andre filer (doc, pdf, etc) vil bli vist som linker til vedlegget.

NB! Hugs å fjerne standardsignaturen din frå e-posten!!!

Kategorisering og stikkord på innlegg

For at det skal vere enkelt for dei som vil finne at visse type innlegg/nyhende er det viktig å tildele kategori og stikkord.

Kategori

Aktivititet (Fotball, Handball, Fjordklubben, Symjing osv.), arrangement (Kjeringi Open, Sognefjordrennet, Bjørgahaug Opp), idrettsanlegg (Stadion, Kunstgras, Saften osv)

For å setje kategori på innlegget ditt i e-posten, legg til på ei line:

[category x,y,z]
x,y,z er kategoriar med komma mellom. Vanlegvis er berre ein kategori.

Stikkord

Stikkord er korte ord som skildrar det innlegget handlar om, t.d. medlemsavgift, treningsavgift, kamp, trening, treningstid osv. Ikkje skriv fotballtreningsavgift. Den set du kategori Fotball på og stikkord Treningsavgift.

[tags x,y,z]
x,y,z er stikkorda med komma mellom. Bruk gjerne fleire stikkord.