Stikkordarkiv: Treningsutstyr

Bytedag av treningsklede, innesko og utstyr 19. oktober i Saften

Har du mykje treningsklede som er for lite, for stort eller rett og slett ikkje blir brukt? Eller kanskje treningsutstyr som knebeskyttarar og ballar du ikkje brukar? I veka før kampdagen laurdag 19. oktober kan du levere inn klede, innesko og utstyr som skal bytast vekk. Det er sett fram tre kassar/sekker ein kan legge det ned i – ein for klede, ein for innesko og ein for utstyr. Alt må vera vaska/reint. Kassane/sekkane finn de i gangarealet i 3.etasje i Saften.

Laurdag 19. oktober, kl 13-15 kan du kome att og sjå om det er plagg/sko/utstyr du har behov for. Alt er gratis, men dersom du ynskjer kan du betale 10 kr pr plagg du tek med deg heim. All inntekt går til Rosa sløyfe-arrangementet.

OBS: Du treng ikkje levere inn noko for å finne nytt, men då set vi ekstra pris på nokre kroner som går til Rosa sløyfe-arrangementet. 🙂

Det som blir att, blir gitt vekk til Freetex.

Velkomne!! 🙂

Avtale med Intersport Sogndal om langrennsutstyr

Medlemmer av Syril som driv med langrenn kan få 20% rabatt på definerte merke og utstyr, vist under. Du må skrive deg på ein liste hos Intersport for å få høve til dette og oppgi e-postadresse (vi sjekkar lista om du er medlem i Syril).

VARE/MERKE

MEDLEMSKJØP

EVT

MIZUNO

20 % på veil pris

SKO/TEKSTIL

CRAFT

20 % på veil pris

TEKSTIL

MADSHUS

20 % på veil pris

RACE JR/SR SKI /SKO

ALPINA

20 % på veil pris

RACE  JR/SR SKO

FISCHER

20 % på veil pris

RACE JR/SR SKI /SKO

SWIX

20 % på veil pris

TEKSTIL/SMURNING/STAVAR

RODE

20% på veil pris

SMURNING

VERKSTAD SKI

20 %

SLIP/PREPP O.L

  • RABATT gjeld på varer som er i butikk , ikkje bestillingsvarer
  • Enkelte varemerker kan endrast etter avtale mellom Iintersport og SYRIL
  • Enkelte produkt i butikk er marknadspris (Allereie nedsette prisar). Desse produkta blir ikkje rabattert ytterlegare.

Rimeleg overtrekksjakke med Syril logo

Som del av avtalen langrennsgruppa har med Intersport Sogndal gir Intersport og Syril langrenn eit godt tilbod på overtrekksjakke, svart (Craft) med Syril-logo hos Intersport Sogndal frå 29. oktober til 7. november.

Senior (kvinne og mann) kr. 730 (veil. kr. 1299), junior (opp til str. 164) kr. 340 (veil. kr. 699). I tillegg kjem kr. 70 per jakke for Syrillogo (faktura frå Syril). Den gunstige prisen kjem av at du må ha logo for Intersport Sogndal på jakka!

Logo for hovudsponarar i tillegg