
Syril fotball vart sertifisert som kvalitetsklubb i september 2021.
Syril fotball er sertifisert som Kvalitetsklubb på nivå 1 etter NFF sine kriterier for god og effektiv klubbdrift, og kor sentrale roller og planer er etablert og forankra.
Kvalitetsklubb nivå 1 er bygd opp rundt områda aktivitet, organisasjon, kompetanse og samfunn- og verdiarbeid.
NFF Kvalitetsklubb 1 er det første av tre nivå i NFF Kvalitetsklubb. Målet er å stimulere til god klubbutvikling som vil forsterke heilskapen. Godt strukturerte klubbar tiltrekk seg frivillige og gir god grobotn for sunn barne- og ungdomsidrett. Nivå 1 bidrar til å utvikle tydelege verdiar, auke kompetansen og etablere ryddige strukturar, slik at klubben kan tilby aktivitet med kvalitet.
Les meir om kva å vere kvalitetsklubb inneber.
