Lerum har inngått hovudsponsoravtale med idrettslaget Syril for tre år, 2024-26.
– Vi er veldig glade for å få inn Lerum som sponsor, seier leiar i Syril, Elianne Eggum. Lerum blir no ein av fire hovudsponsorar, i tillegg til Sparebanken Sogn og Fjordane, Sognekraft og Erling Røysum.
– I tillegg til at Lerum støttar idrettslaget økonomisk, får me tilgang til å servere produkta deira på arrangementa våre.
– Vi tykkjer det er kjekt å få inn ein sponsor som har så sterk tilknyting til bygda. For eksempel foregår mesteparten av hallidretten i Syril på «Saften», den gamle Lerumfabrikken.
– Vi har vore med å sponsa handballgruppa i Syril i mange år. I tillegg har vi bidrege litt til enkeltarrangement i regi av Syril. Vi synes alle eldsjelene i Syril jobbar godt og har eit godt tilbod til medlemmane. Vi har tilsette som bur på Leikanger, så det er viktig med gode tilbod til dei og alle andre som bur der. Frå å sponse enkeltgrupper, ønskjer vi no ein overordna avtale med idrettslaget. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Syril, seier adm. direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.
Lerum får gjennom avtalen marknadsføre og profilere merkevara si gjennom Syril og på arrangementa til idrettslaget. Dette betyr m.a. at Lerumlogoen kjem til å dukke opp på Syrildrakter og anlegg framover.
Spørsmål kan rettast til leiar i Syril, Elianne Eggum, 906 30 307/ elianne.eggum@gmail.com