Alle innlegg av Birte Andersen

Synne og Andrea i kretslagstropp for J2001

Synne Gjerde og Andrea Henjesand er teken ut i kretslagstropp jenter f.2001.

Forutan treningssamlingar, så skal Sogn og Fjordane spele mot Sunnmøre FK og Nordfjordeid 2 oktober.

1-4 desember er det landsdelssamling i Trondheim (eige uttak).

Syril Fotball gratulerar og ynskjer lukke til!

Jan Tore Slinde

Sportsleg leiar

Amund B. Vikdal er utteken i brutto kretslagstropp G2001

Amund Bäckstrøm Vikdal er teken ut i brutto kretslagstropp gutar f.2001.

Forutan treningssamlingar, så skal Sogn og Fjordane spele mot Sunnmøre FK og Nordfjordeid 1. oktober

(eige uttak).

1.- 4. desember er det landsdelssamling i Trondheim (eige uttak).

Syril Fotball gratulerar og ynskjer lukke til!

Jan Tore Slinde

Sportsleg leiar

Enivest – serien J/G2003 og Akademilaget Kaupanger J2002

Team Sogn sitt sonelag J2003 skal i haust spele i ENIVEST-serien. Frå Syril er Silje Nesdal, Nora Henjesand, Snit Ogbai og Runa Vangsnes tekne ut i bruttotroppen. Første turnering er på Syril kunstgras 27-august. Alle dei 4 jentene frå Syril er med i den troppen. Sogn skal spele kampar mot Sunnfjord og Nordfjord.

Team Sogn sitt sonelag G2003 har og teke ut bruttotropp til turneringa på Syril kunstgras- Frå Syril vart Gøran Njøs og Sindre Husabø Thue tekne ut. Her er troppen til turneringa ikkje klar enno.

Akademilaget Kaupanger for J2002 har teke ut ein bruttotropp for akademiserien i haust. Frå Syril er Dina Krosshaug, Vilde Oppdal Jakobsen og Oline Kleiven tekne ut. Til kampane vert det teke ut ein tropp på 14 utespelarar og 2 keeperar. Turneringane er i Sogndal 3.september og på Eid 12.november.

Syril fotball ynskjer alle saman lukke til!

Jan Tore Slinde, sportsleg leiar