Status for ny pumptrack på Henjahaugane

Vi ønskjer å gje ei ny oppdatering på arbeidet med å realisere ein pumptrack i bygda.

Den opphavlege planen var å etablere anlegget på Henja. Etter at arbeidet med prosjektet vart sett i gang, vart det gjort eit gravminnefunn i området. Dette har gjort prosessen med å få dei nødvendige godkjenningane meir krevjande enn vi først såg føre oss, og moglegheita for å realisere anlegget på Henja har vorte meir usikker.

Henja er likevel ikkje utelukka som lokasjon. Vi vil framleis arbeide for å sjå om det kan finnast løysingar som tek vare på både prosjektet og omsynet til gravminnet. Samstundes ser vi det som nødvendig å arbeide parallelt med alternative lokasjonar for å auke sjansane for å få prosjektet realisert.

Målet står fast: å etablere eit attraktivt aktivitetstilbod for barn, ungdom og vaksne i bygda.

Det er framleis for tidleg å seie nøyaktig når bygginga kan starte, men vi meiner det er realistisk at pumptracken kan bli realisert i løpet av 2027.

Vi vil samstundes rette ein stor takk til alle som har støtta prosjektet så langt. Enten du har bidrege økonomisk, stilt opp med tid og kompetanse eller bidrege med engasjement og gode innspel, set vi stor pris på støtta. Ho er viktig for at vi skal kunne føre prosjektet vidare.

Vi vil kome med nye oppdateringar etter kvart som arbeidet med både Henja og alternative lokasjonar går framover.

På vegne av pumptrackgruppa,
Morten Andre Hansen