Bli med på den årlege dugnaden for å rydde Kleppa klar for vinteren. Vi satsar på ein snørik sesong, og det skal det ryddast både i langrennsløyper, nedfarten og skogsløypa, så det er meir enn nok å ta av! Laurdag 24.10 og 31.10 kl 10 skjer det.

Ta med sag, hagesaks og/eller beskjæringssaks, gode hanskar, niste og noko å drikke. Vi tek ein fellespause ute rundt eit bål eller inne i varmen. Ta gjerne med ungane og gjer det til ei familiehending ![]()
Vi set av to laurdagar – 24. og 31 oktober, så kom på ein eller kom på begge. Passar ingen av laurdagane og du likevel har lyst til å bidra, så ta kontakt med Inga (936 59 732) eller Ronja (977 97 647), så kan vi avtale noko. Det er viktig at ikkje nokon byrjar å rydde der oppe utan avtale med ein av oss. Har du ein kantklippar med blad eller sag, gi gjerne ein lyd til og ta denne med.