Ny trenar for Syril herrer

Endeleg kan me annonsera at herrelaget til Syril har fått på plass ny trenar! Sjølv om det tok litt tid, er me veldig glad for at vi fekk førstevalget vårt. Vi har hatt dialog over ein lengre periode, og no er alle detaljar på plass!

Eirik Espe Stensvand vender heim fra Bergen og blir systrending att. Med på flyttelasset har han, i tillegg til sambuar og ein son, mange års erfaring som hovudtrenar, ein B-lisens som trenar og ein rykande fersk avtale med Syril.

Eirik spelte i Syril heilt fram til han flytte til Bergen for å studere, og vi er ekstremt glad for att han no vender heim, og skal rettleia og utvikle spelarane på herrelaget. Som nemnt kjem han inn med solid kompetanse, både i form av utdanning og erfaring, og vi ser veldig fram til at Eirik skal sette sitt preg på Syril-fotballen i 2025.

Eirik og familien er på plass 15. mars og fram til det stiller Alexander Slinde som fungerande hovudtrenar – Det set vi veldig pris på!

No blir det full fart med treningar og treningskampar framover, slik at laget er slagkraftig og klar til seriestart i slutten av april!