Kom og bli med på den offisielle gjenopninga av Kleppatrekket laurdag 20. januar kl 11:30.
Det blir ein kort og kjekke markering der ordførar Stig Ove Ølmheim kjem for å starte trekket og ønskje oss lykke til. Prosjektleiar og påtroppande driftsleiarar Tobias Dahle og Runar Oen vil òg sei nokre ord. Og kven veit, kanskje treff de Elin Ekorn og Kåre Bjørn frå Sparebanken Sogn og Fjordane i bakken!
TIl orientering:
- Det kan bli fullt på parkering på Kleppa, gjer vel å parker smart slik at vi får plass til alle.
- Kleppakort og heiskort blir til sals i trekkbua. Der sel vi òg plastlommer, men vi veit at det er mange som framleis har nokre gamle plastlommer liggande, så ta dei gjerne med ,så slepp de å kjøpe nye.
- Prisar, opningstider m.m. finn du på Syril sine sider https://syril.no/anlegg/kleppa/