Skikarusell på Kleppa 2021

Skikarusellen på Kleppa startar 23. januar. Det er planlagt 5 renn i løpet av vinteren:

  • Laurdag 23. Januar kl. 12-13
  • Laurdag 30. Januar kl. 12-13
  • Laurdag 6. Februar kl. 12-13
  • Laurdag 13. Februar kl. 12-13
  • Laurdag 6. Mars kl. 12-13
    Premieutdeling/sesongavslutning kl. 13.30.

Den 20. februar vert Klepparennet arrangert, dette tel òg med i skikarusellen, me vonar at mange vert med!

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 120 kroner og vert utdelt utanfor skihytta når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet. Dei som har kjøpt Kleppakort treng ikkje betale for deltaking på skikarusellen.

Smittevern og gjennomføring

Alle som skal delta må registrerast. Ein kan nytte denne lenkja.

Fyll inn namn på deltakar og telefonnummer til føresett. Me må ha kontroll på faktisk oppmøte, så syt føre å snakke med funksjonærar ved oppmøte.

Skihytta vil kun vere opa for toalettbesøk. For å unngå kø ynskjer me at deltakaravgift vert betalt kontantfritt og på førehand. Dette kan gjerast på vipps til 88235 eller til kontonummer 3781.07.31029. Merk betaling med «Skikarusell 2021».

Merk at det er kun høve til å vera 1 føresett per unge, dette for å avgrense antal menneske tilstades.

Alle som møter på rennet skal følgje dei generelle smittervernråda som gjeld i samfunnet:

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 m avstand
  • Alle må registrerast ved ankomst (sjå avsnitt ovanfor for praktisk løysing på dette)

Fjellturar

Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 21. mars.

Premiering

Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle påmeldte deltakarar. Det vert premieutdeling laurdag 6. Mars.

Kleppakort

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (ev. born/vaksen) på Kleppa. Årskortet i slalåmbakken, skikarusellar, lysløypeavgift og treningsavgift langrenn (“Løypeavgift Kleppa”). De finn meir info her: https://syril.no/anlegg/kleppa/.

Skileik for 1. – 3. klasse

Bli med på leik og moro på ski, torsdagar 17.30 – 18.30. Oppstart er avhengig av snø, følg med på Syril sine facebooksider, der kjem nærare informasjon.Ansvar: Katrine Wilson (917 69 150).

Skileik for 4. – 6. klasse

Torsdagar, kl. 18.30 – 20.00. Ansvar Olav Haugen (915 58 934)

Kontakt

Om de har spørsmål til skikarusellen kan de kontakte Jørgen Eikenes på e-post: jorgen.eikenes.dahle@gmail.com eller på tlf: 91 37 28 22.

Vel møtt til skikarusell!