Stikkordarkiv: Trening

Tur til Hemsedal

Første helga i desember reiste langrennsgruppa i Syril til Hemsedal, heimplassen til hovudtrenaren vår Simen Bækken, for å førebu sesongen. Andreas og Klaus, Erlend, Sverre og Trygve nytta både skøyteskia og dei klassiske skia i dei preparerte langrennsløypane på Gravset. Laurdagen fekk Sverre og Trygve testa forma i sesongen første skirenn, men smøreteamet var ikkje heilt førebudd. Glida var ikkje det beste, men feste var godt på det våte føret (Rode spesial). Ein kjekke tur med god mat og hyggeleg lag!

Kom og prøv innebandy

Velkommen til Syril Innebandy!
Me er ein gjeng som spelar bandy ilag for å ha det moro. Me hadde serielag i fjor, men det har mi ikkje no. So me er ikkje med på kampar og trenar ikkje seriøse treningar i forhold til kampar.
So no er det berre for moro!

Her kan alle som vil vera med å spele. God trening er det også.

“Kva treng eg for å vere med?”
– Det einaste du treng for å vera med å spele er innesko. Alt anna har gruppa i hallen: køller, vant, mål og ballar.”Når er treningane?”
– Treningstidene våres om våren/sommaren/hausten er:
Tysdag 16:00 – 17:00
Torsdag 16:00 – 17:00
Vinteren:
Måndag 21:00 – 22:00
Torsdag 16:00 – 17:00
“Kvar er treningane?”
– Treningane er i “Saften” på Leikanger, i hallen i 3. etg.“Kan kven som helst vera med å spele?”
– Sjølvsagt kan alle vera med å spele innebandy!
Her er det ingen krav for alder eller ferdigheiter for å vera med.
Dersom ein ynskjer å prøve ein gong, er det berre å ta turen. 

“Kontakt:”

Jon Andreas Amundsen 95237691 epost
Torbjørn Stølen epost