Onsdag 18. oktober starter keepertreninga med Geir Stenehjem kl. 17.00.
Stikkordarkiv: Keepertrening
Keepertrening på banao i dag
6 gutar og 5 jenter var med på keepertreninga i dag. Geir Stenehjem og medhjelpar Emil hadde mange gode råde til våre unge keeprar når dei i dag hadde den første treningsøkta som vi har planlagt for våre keeprar. Det verka som alle tykte det var kjekt og lærerikt.
Neste onsdag kl. 18 er det ei ny treningsøkt.
Syril J8 med keepertrening
Syril J8 har hatt besøk av Bjørn, Malin og Odd-Bjørnar frå Skjeldestad keeperskule. Dei hadde ei heil økt med keepertrening med alle jentene. Eit av måla er å inspirere jentene til å bli keeper, slik at vi om nokre år har nok keeperar å ta av. Samstundes får jentene sine trenarar gode tips og døme på keeperøvingar som vi kan bruke i våre eigne økter.
Bjørn kjem tilbake til hausten for å ha ei ny keeperøkt med alle jentene. Vi gler oss allereie!