Kontaktpersonar
Dagfinn Ylvisåker(Dylvisaaker@hotmail.com) tlf. 90207470
Leif Arne Stadheim
Morten A. Hansen
Terje Risøy
Aktivitetar 2026
Skikarusellen på Kleppa startar 10. januar. Det er planlagt 5 renn i løpet av vinteren. Følg med på Facebook, det kan komme endringar. Kiosken i skihytta blir open om ikkje anna blir annonsert.
Datoar for karusell:
- Laurdag 10. januar kl. 10-12.
- Laurdag 24. januar kl. 10-12.
- Torsdag 12. februar kl. 17-1830 (kveldskarusell i skiløypa)
- Laurdag 7. mars kl. 10-12.
- Søndag 22. mars kl. 10-12.
Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.
Om karusellen
Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 130 kroner og vert seld på Kleppa når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet. Dersom du har startnummer frå tidlegare, så ta det med.
Deltakarkort/karusellkort
Det blir delt ut eit karusellkort ved påmelding. Dei som vil held oversikt over deltaking sjølve. Ein går så langt eller kort ein vil i løypa.
Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua.
Premiering
Det er premie til alle påmeldte deltakarar. Det vert premieutdeling søndag 22. mars.





Oppdatert fredag 9. januar 2026