Syril volleyball har hatt eit innhaldsrikt år, og gruppa har utvikla seg i takt med dette.
Dei fleste kjenner nok til Syril volleyball som eit enkelt tilbod under trimgruppa. Men, i 2024 vart volleyball etablert som ei eiga særgruppe, og har sidan då brukt mykje tid på planleggje og byggje opp nye tilbod. Dette har resultert i at vi no etablerer eit A-lag, tilbod for minivolleyball for born, tilbod til asylmottaket og etterkvart ein open hall for ungdom. Dette har vi gjort samtidig som vi har behaldt trim og moro for alle og einkvar.

Styret for 2025 er: Martin F. Stølen (leiar), Christian Kleiven (nestleiar), Paula Snook (sportsleg leiar), Brage Navarsete (sandvolleyball), Anatolii Yashyn (integrering) og Borgtor Bøyum (kasserar).
Noko av det som har skjedd så langt i år er:
- A-laget er no under etablering, og har i haust vorte invitert til å spele treningskampar mot fleire av dei etablerte laga i området, med motstand på 2. og 3. divisjonsnivå. Kjempegøy at vi har ein kjerne på 10–15 spelarar som er interesserte i dette. Vi jobbar no med å finne eit opplegg for meir fast seriespel, anten i lågaste divisjon eller i eigen regionserie/turnering.
- Vi har jobba mykje med integrering, og har ein eigen representant frå Ukraina i styret som arbeider opp mot asylmottaket. Heile året har vi hatt stor interesse og deltaking frå mottaket. Dei er så mange at dei har eiga bane kvar trening. Dette er unge og vaksne frå heile verda, som finn trening, avkopling og samhald hos oss i Syril.
- Våren 2025 prøvde vi ut treningar med minivolleyball som ein del av fleiridretten for fleire av dei yngre kulla. Minivolleyball er utvikla av NVBF, med Kåre Mol i spissen, som eit pedagogisk og allsidig opplegg for å få born interesserte i balleik over nett. Vi gjennomførte òg eit trenarkurs på Leikanger i regi av NVBF, og har fått eigne lette minivolleyballar, longnett og anna utstyr gratis frå forbundet. Denne vinteren håpar vi å introdusere meir minivolleyball for dei kulla som er interesserte.
- Vi planlegg å starte opp med treningar retta mot ungdom måndags ettermiddagar. Meir informasjon om det kjem på Facebook, på Syril.no og informasjon på ungdomsskulen i løpet av dei næraste vekene.

Volleyballgruppa trenar denne sesongen tysdagar og torsdagar 20:00–22:00, med tre baner parallelt: A-laget, open klasse/trim og asylmottaket. Vi har ofte 20–30 spelarar på trening – det er inspirerande.
Velkomen på trening, uansett nivå, for alle frå 13 år og oppover!
Styret i Syril Volleyball
