Set av laurdagane 25.10 og/eller 1.11. Bli med på den årlege dugnaden for å rydde Kleppa klar for vinteren. Vi satsar på ein snørik sesong, og det skal det ryddast både i langrennsløyper, nedfarten og skogsløypa, så det er meir enn nok å ta av!
Ta med hagesaks og/eller beskjæringssaks, gode hanskar, niste og noko å drikke. Vi tek ein fellespause ute rundt eit bål eller inne i varmen. Ta gjerne med ungane og gjer det til ei familiehending ![]()
Vi set av to laurdagar, så kom på ein eller kom på begge. Passar ingen av laurdagane og du likevel har lyst til å bidra, så ta kontakt med meg (Inga Henjum Halsnes tlf 936 59 732), så kan vi avtale noko. Det er viktig at ikkje nokon byrjar å rydde der oppe utan avtale med meg. Har du ein kantklippar med blad eller sag, gi gjerne ein lyd til meg og ta denne med.