Syril fotball inviterer til Kickoff søndag 30. mars kl. 13:00-15:00 på Syril stadion!
Som i fjor ønskjer vi å markere starten på ein ny sesong med ein triveleg dag på Syril stadion. Det vert mellom anna introduksjon av alle lag, gratis grillmat til alle spelarane våre, fotballtennis og fartsmålar der du kan måla kor hardt du skyt.
Kiosken er åpen og vi kan love god stemning, smil og fotballglede. Kanskje får vi til ein kamp mellom vaksne og barn? ![]()
Heile bygda er invitert! Våre venner i Sogndal Fotball kjem også utom, og kanskje blir det og høve til å slå ein tunnel på heltane frå Sogndal ![]()
Syril fotball skal vere eit tilbod for alle, og vi ønskjer å kunne tilby fotballsko, leggskinn og anna fotballutsyr til dei som ikkje har høve til å kjøpe det sjølv. Det vil difor vere ein «Stand» på stadion under Kickoffen der du kan levere inn utstyr som er i fin stand, men som ikkje lenger vert brukt i husstanden.
I år arrangerer vi og «Kickoff-lotteri» med flotte premiar. Du kan mellom anna vinne ei signert Sogndal-drakt, signert Syril-drakt og ein JBL Extreme3 høgtalar, levert av Sogn Tavle- og datamontering.
Du kjøper lodd enkelt på Vipps på nummer 111103 (Syril fotball, velg kategori «Lodd».) Kvart lodd kostar 20 kr og du kan kjøpe så mange du vil
Alle inntektene frå lodda går til utstyr til barn og ungdom i Syril fotball, og er med å bidreg til at vi kan holde treningsavgiftene så låge som råd.
Hjerteleg velkomen på Kickoff søndag 30. mars klokka 13:00 på Syril stadion!
Hei, heia Syril!

