Fotballsøndag 2. juni

Klokka 11.30 startar første kamp der J10 møter Sogndal 2

Klokka 12.45 er det klart for ein ny spanande kamp der G10 møter Hafslo

Klokka 14.15 skal J13/14 møte Bjørn/Hafslo

og

Klokka 16.00 avsluttar Herrelaget med kamp mot Bremanger

Det blir også lagt opp til ei intern miniputturnering.

Sogndal fotball er invitert og dei stiller med nokon spelarar frå A-laget og det blir lagt opp til litt aktivitet rundt dette.

Det vil vera mogleg å kjøpe grillmat og mykje anna godt i Syril-kiosken.

Kiosken vil vera open frå ca. klokka 11.30
Grillen er i drift frå ca. kl. 12 til kl. 17.

Mot opp og støtt laga våre i det som ser ut til å bli ei kjekk og spanande fotballdag på Syril stadion.


Få med deg familie og vener, ta ein sein frukost, lunsj eller middag på stadion medan de får servert flott underhaldning på bana.