Skigruppa og prosjektleiarane for skitrekket på Kleppa inviterer til ope orienteringsmøte 6. september kl. 19.30 på Kleppahytta.
- Orientering om ståa og framdrift for skitrekket
- Legge plan for dugnadsarbeidet som må til for å gjere klart til vintersesongen 2023/2024, langrennstrasè og nedfart ved trekket
- Mogelegheit for å komme med innspel. Kva ønskjer me for Kleppa, kva skal me satse på, kva tilbod ønskjer me og kva skal til for å få det til?
Me håpar fleire tek turen. Skal Kleppa utviklast vidare og leggje til rette for skiglede for barn og unge, treng me engasjement frå deg!
Vel møtt! 🙂
Helsing Tobias, Runar og Inga