Friidrett

Me er no endeleg klare for ein ny friidrettssesong! Neste veke startar me opp med treningar for alle gruppene😊

Nedanfor finn de treningstider for dei ulike kulla. Treningane er på Syril stadion.

Trening

Ute på Syril stadion (frå veke 17/2024)

2018onsdag 17:00 – 17:30
2017torsdag 17:30 – 18:00
2016-2015torsdag 17:30 – 18:30
2014 – 2012tysdag 18:30 – 19.45
2011 og eldretysdag 18.30 – 19.45
torsdag 18.30 – 19.45

Om treningstidene ikkje passar er det mogleg å vere med på trening med andre kull, eller vere med på delar av treninga. Ta då kontakt med Stine Mundal Aase (93265118), så prøver me å finne ei løysing.

Friidrettskarusell
Me held fram med friidrettskarusell også denne sesongen. Der kan born født i 2012 – 2018 vere med. Det vil bli fire karusellstemner i løpet av sesongen. Dei som deltek på eitt eller fleire av desse stemna vil få premie på sesongavslutninga. Datoane kjem så fort dei er klare. Karusellane vil i utgangspunktet vere på torsdagar kl.17.00-18.00.

For dei eldre utøvarane vil me prøve å få til treningsstemner i løpet av sesongen.

Spond
Bli med i Spond-gruppa vår og få med deg det som skjer i friidrettsgruppa.
Innmeldingskoden er DUZMW.

Me treng framleis fleire trenarar i fleire av gruppene. Om du har lyst å vere med, ta kontakt med
Stine (93265118).

Her trener dei eldste utøvarane sprintdrill, kyndig leia av Joakim Urdahl

Trenarar/kontaktpersonar

NamnE-postTlf.
Torhild Brudvik (leiar) torhild.brudvik@gmail.com4828 8309
Tom Debu Nesvåg (nestleiar)tom.debu.nesvag@digdir.no
Torgeir Urdahltorgeir.urdahl@gmail.com9060 0754
Simen Bækken
Joakim Urdahl
Stine Mundal Aasestine.m.aase@gmail.com9326 5118

Nyhende, oppdateringar og beskjedar finn du på Syril friidrett på Spond og Syril friidrett på Facebook.

Bidragsytarar

Vi takkar Sogn Avis og Sparebankstiftelsen DNB for støtte til høgdematte og -stativ!

Vi takkar Berge & co for støtte til vår aktivitet!

Anlegg

Årsmeldingar

2022:

2021:

Syrstrond Idrettslag