
Sognefjordrennet vart fyrste gong arrangert av Syril Telemark i 2005. Rennet vart starta som eit lokalrenn. I 2021 blei rennet flytta frå Aoreveitane/Fagereggi til Stavsete og Grindsdalen/Huksdalen for å få betre og meir sikre snøforhold. Arrangmentet blei også utvida med fleire aktivitetar i tillegg til skirenna. Frå 2023 er arrangementet utvida til to dagar med namnet Stavsete skifest.
Det er brøyta bomveg skilta til Huksdalen frå riksvegen med stor parkeringsplass framst i dalen. Frå parkeringsplassen er det 2 km god skiløype inn til festivalområdet ved Stavsete.
Program for 2026:

Laurdag 2. mai.
Rebusløp for barn på veg fram til arena Stavsete
Frå klokka 11:00
- Skirenn for dei yngste
- Sognefjordrennet – Fjellcross (alpint-telemark-snowboard)
- Lavvocamp
- Gratis grillmat, lappar, kaffi og saft
Søndag 3. mai.
- Toppturar – Opplev Leikangerfjedli i skresikkert terreng med kjentfolk
- Workshop – «Finn den gode snøen» med tindevegleiar
Sjå Facebook (Sognefjordrennet) for meir info og påmelding