Kategoriarkiv: Trim

Innlevering av trimkort

Vi håpar at de har hatt mange flotte trimturar i løpet av sesongen .

Frist for innlevering av trimkort er 1. november.

De kan levere inn kort hjå:

  • Erling Røysum AS
  • Små livsgleder på Saften eller til
  • Torill Felde (tlf. 97140861).

Raudmerka til Sumhaug

Stien frå Geitadalen, inn Hottadalen, framover Seltuftebotnen, under Geitenipene og forbi Skitbrekkene og Kalvavatnet har fått raud merke. Det meste av klopper, i dei våtaste partia, har grunneigarane lagt på plass til månadsskiftet. Du kjem ut på stien til Sumhaug i underkant av Fjærlandssete. Å gå via Hottadalen er noko kortare enn Kløvjavegen (til Fjærlandssete) og byr på mindre skog og betre utsikt. Prisen er at du må ta litt meir stigning den første tredjedelen før du skråar nedover mot Kalvavatnet.

Stien vidare til Sumhaug er no raudmerka heilt fram til posten. På turen skal du passere mellom Kringlevatnet og Fjærlandssetevatnet. Litt før Steintjern og området overfor Sumhaug, er det store steinar å gå på over vatn. Du slepp å gå rundt heile Steintjern-området.

Etter at du har passert Steintjern, snur du nasen nordover og endar opp ved utløpet av Fjærlandssetevatnet. Vil du over til Sumhaug, er de berre å stige frå stein til stein og gå bort til stølsbøen. God tur!

Her er nokre bilete frå 1. august 2020:

Sumhaug frå Geitadalen

Trim-sida er oppdatert med videoar som viser korleis du kjem deg frå enden av vegen i Njøsadalen via Hottadalen til Sumhaug. Litt meir informasjon om turen finn du her.

To nye stiar til Høgehaug er merka

No er det merka opp sti frå Hamrestølen og frå Kleppa, til Høgehaug. Desse er merka i raudt.

Frå Hamrestølen går ein øverste stien mot Kleppa i nokre hundre meter. Ikkje langt etter at ein kryssar ei lita gro, så kjem den merka stien til syne på høgre side. Denne går til Høgehaug.

Likeeins er stien frå gamle skihytta på Kleppa merka i raudt. Her går ein fyrst etter den nederste stien mot Hamrestølen/Eggja, men like ved gamle skihytta så ser ein stien oppi skogholtet til høgre. Denne held fram til den møter stien som kjem frå andre retningen, frå Hamrestølen.

Dette blir då i tillegg til den meir kjende stien som går frå Kleppa via Liaskard, som også har skilting til Høgehaug.

https://syril.no/trim/

Trimkort 2020 i sal!

2020Trim
De kan kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som i fjor: kr. 50,- for trim-30 kort og kr. 100,- for trimkort turpostar. De kan betale kontant eller med vipps (til 88235). Om de betalar med vipps så husk å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa. Generelt så oppmodar vi flest mogeleg om å betale med vipps pga. situasjonen ang. koronavirus.

Elianne og Torill har og trimkort heime hjå seg som det er mogeleg å få kjøpt, både no i påska og seinare. Ta gjerne kontakt på førehand:

Elianne: tlf. 90630307, Eggjavegen 41

Torill: tlf. 97140861, Sjurli 7

Dersom de kjem til «våte» bøker eller «utskrivne» bøker så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.

Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!

God trimsesong til alle!

Helsing oss i trimgruppa: Ingar Hals, Elianne Eggum, Renate Sæle og Torill Felde

Trekning Syril Trim 2019

Det har vore eit flott år for Syril Trim med godt sal av trimkort og mykje besøk på trimpostane. Vi har selt ein del fleire Trim 30-kort enn turpost-kort samanlikna med tidlegare år. Vi tolkar det som om fleire ønskjer å vere aktive, og vonar at lågterskeltilbodet aukar lysta til å strekke seg lenger og ta alle 20 turpostane i løpet av dei kommande åra. Så lenge ein tek turen i sitt eige tempo kan dei fleste greie det. Utsikt, natur, meistring og velvære frå turane overskygger innsatsen. Vi håpar og at nye trimmarar har teke turen på ein eller fleire av trimpostane, det er ein fin måte å bli kjend rundt om i kommunen.

Det har vore trekning for dei som har delteke og fullført Syril sitt turpostprogram og Trim 30. Premiane er gåvekort á kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ein stor takk til Erling Røysum AS og Små livsgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større.

Små livsglederErling Roysum

Vinnarar av turposttrimmen og gåvekort á kr 1.000:

  1. Frode Ølmheim
  2. Ove Andre Slinde
  3. Solbjørg Halland
  4. Kari Kitty Stadheim*
  5. Anna Røysum*
  6. Hildegunn Høgheim
  7. Linda Grebstad Grinde*
  8. Siri Fossøy
  9. Morten Hansen
  10. Bente Olsmo Høgheim
  11. Sigrun Orrestad
  12. Kari Grinde

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort á kr 500:

  1. Solbjørg Halland*
  2. Kjell Remø*
  3. Sissel Espe
  4. Steinar Røysum
  5. Espen Sæterbø
  6. Sigrun Orrestad
  7. Steinar Fredheim
  8. Roar W. Vangsnes
  9. Eva H. Nesse
  10. Svein Arne Volldal

Vinnarar av Trim 30 (barn) og gåvekort á kr 500:

  1. Emmelin Røysum
  2. Isabell Røysum
  3. Vegard Olsmo Oen

*) Gåvekort frå Små livsgleder

Premiar er på veg ut til dei heldige vinnarane!

Mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust! Ikkje gløym å sende inn nokre av dine bilete til Syril Trim. Kanskje vil ditt bilete pryde eit av korta komande sesong.

Vi har ikkje teke inn bøkene i år heller, så det er berre å skrive seg inn i bøkene i vinter. Gje oss tilbakemelding om det er behov for nye bøker nokon stad.

Trimsesongen 2019 snart over

VardeVi håpar at mange har hatt fine turar i løpet av sesongen .

Frist for innlevering av trimkort er 31. oktober.

De kan levere inn kort hjå:

  • Erling Røysum AS,
  • Små livsgleder på Saften eller til
  • Torill Felde (tlf. 97140861).

Trimkorta er i sal!

2019 TrimkortDe kan no kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som i fjor: kr. 50,- for trim-30 kort og kr. 100,- for turpostane.

De kan betale kontant eller med Vipps (til 88235). Om de betalar med Vipps, hugs å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa.

Vi har fått tilsendt mange flotte forslag til bilete på trimkorta. Det er Mathilde Aasen Vikesland og Lene Kleppo som har teke bileta vi har brukt. Takk til alle!

Bøkene har lege i postkassene heile vinteren, og vi håpar og trur at det har gått bra. Dersom de kjem til «våte» bøker så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.

Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!

God trimsesong til alle!

Helsing oss i trimgruppa

Ingar Hals, Elianne Eggum, Renate Sæle og Torill Felde

 

Trekning Syril Trim 2018

I kveld var det trekning for dei som har delteke og fullført Syril sitt turpostprogram og Trim 30. Premiane er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ei stor takk til Erling Røysum AS og Små livgleder for delsponsing av premiane som gjer at vinnarsjansen blir høgare.

Erling Roysum Små livsgleder

Vinnarar av turposttrimmen og gåvekort à kr 1.000:

  1. Rita Steig
  2. Tonje Fjeld Hæreid
  3. Magna Vangsnes
  4. Lena Steig
  5. Eivind Yttri
  6. Arvid Mellingen
  7. Rolf Almås
  8. Hildur Liljedahl Stølen *
  9. Linda Grepstad Grinde *
  10. Sissel Espe
  11. Astrid Solberg

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:

  1. Signe Lekven
  2. Marie Bremer Remø
  3. Steinar Røysum
  4. Elisabeth Bernhardsen
  5. Vilde Rød Knudsen
  6. Siri Fossøy
  7. Eva Hamre *
  8. Anne Liv Røysum *
  9. Frode Ølmheim
  10. Randi Fikerud Njøs
  11. Mathilde Aasen Vikesland

Vinnarar av Trim 30 (barn) og gåvekort à kr 500:

  1. Carina Norum Husabø
  2. Tiril Myren Sæterbø

*) Gåvekort frå Små livsgleder

Premiar er på veg ut til dei heldige vinnarane!

20180720001

PS! Bli med neste år du òg. Vinnarsjansen er laaaaangt større enn for tipping og Lotto.

Trimsesongen 2018 snart over

Nok ein kjempesesong for Syril Trim. I 2018 vart det selt meir Trim 30-kort enn turpost-kort. Vi tolkar det som om fleire ønskjer å bli aktive, og vonar at lågterskeltilbodet aukar lysta til å strekke seg lenger og ta alle 20 turpostane eit av dei neste åra. Så lenge ein tek turen i sitt eige tempo kan dei fleste greie det. Utsikt, natur, meistring og velvære frå turane overskygger innsatsen.

Alt Syril Trim får inn på sal av trimkort minus kostnaden til korta går til premiar. Både Erling Røysum AS og Små Livsgleder blir i år, som ifjor med på «å strekkje pengane» lenger ved å delsponse gåvekorta. Med fleire premiar aukar sjansen for at du blir ein vinnar!

Bruk dei siste haustdagane i slutten av oktober og byrjinga av november til å fullføre kort, men hugs for all del å levere dei inn hjå Erling Røysum AS eller Små Livsgleder. Vi hentar  innleverte kort i midten av november.

Mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust! Ikkje gløym å sende inn nokre av dine bilete til Syril Trim. Kanskje vil ditt bilete pryde eit av korta for sesongen 2019.

I år tek vi ikkje inn bøkene, men lar dei ligge ute gjennom vinteren. Er ikkje boksen nedsnødd, kan du signere deg inn ute på postane våre.
Erling RoysumSmå livsgleder
20180720001