Innebandy

Kontaktpersonar

Jon Andreas Amundsen 95237691 epost
Torbjørn Stølen 95857001 epost

Velkommen til Syril Innebandy!

Me er ein gjeng som spelar bandy ilag for å ha det moro. Me hadde serielag i fjor, men det har mi ikkje no. So me er ikkje med på kampar og trenar ikkje seriøse treningar i forhold til kampar. So no er det berre for moro!

Her kan alle som vil vera med å spele. God trening er det også.

Kva treng eg for å vere med?

Det einaste du treng for å vera med å spele er innesko. Alt anna har gruppa i hallen: køller, vant, mål og ballar.

August – Desember
Tysdag kl 1600-1700
Torsdag kl 1530/1600-1700
Desember – April/Mai
Torsdag 1530/1600-1700
April/Mai – Juni
Tysdag kl 1600-1700
Torsdag kl 1530/1600-1700

Kor er treningane?

Treningane er i «Saften» på Leikanger, i hallen i 3. etg.

Kan kven som helst vera med å spele?

Sjølvsagt kan alle vera med å spele innebandy! Her er det ingen krav for alder eller ferdigheiter for å vera med. Dersom ein ynskjer å prøve ein gong, er det berre å ta turen.