Bjørgahaug Opp

cropped-2008-05-bo2015-081.jpg

Motbakkeløpet inngår i kategorien “motbakkesprint” med sine 300 høgdemeterfordelt på 1100 meter på stien mellom Njøs i Leikanger til utsiktpunktet på Bjørgahaug. Løpet er kort og intenst for konkurranseløparane. Dei raskaste vil greie det på 10 minuttar.

Trimmarane får høve til å gå turen i roleg tempo og nyte utsikta ut over Sognefjorden og fruktbygda Leikanger. Det er gode høve til å ta bilete, både “sjølvies” og bilete av utsikta. På veg opp og på toppen kan trimmarane heie fram deltakarane i konkurranseklassane. I målområde vert det kiosk med sal av saft, kaffi, kaker og nysteikte vafler, samstundes som ein kan nyte utsikta over Leikanger og Sognefjorden.

Arrangementet er både familievenleg og eit løp for den mest ihuga motbakkeløparen. Den intime og naturskjønne ramma for løpet, tillet oss å kalle Bjørgahaug Opp for

Det koselegaste motbakkeløpet

http://www.bjorgahaug.net/

bjorgahaug@syril.no