Ungdomskulen – Kunstgras

Heilt nede ved fjorden på nedsida av bygget til Leikanger ungdomsskule, ligg den eine av to kunstgrasbaner på Leikanger. Tidlegare var dette ei asfaltert handballbane, og vart tidlegare nytta til handballtreningar. For nokre år sidan, i samband med legging av kunstgras oppe på stadion, vart det og lagt kunstgras på denne bana. Bana egnar seg godt til trening for mindre grupper, og stort sett alle 5’ar kampane vert spelt på denne bana. I fjor kom det nytt ballnett ned mot fjorden.