
God nytt år! Vi håpar freden har senka seg i hus og heim og ynskjer å takke for året som var, og å informere litt om dei nye ansikta bak leiarverva våre.
Men, fyrst litt om SYRIL
SYRIL er eit lagarbeid – derav idrettslag. Det er ikkje nok med ein eller to på topp som tek seg av det administrative, ei heller ein trenar utan eit styre i ryggen. Vi treng kvarandre, og vi treng alle. Det som har gjort, og framleis gjer, Syril til eit så godt idrettslag, er at me alltid har hatt mange som stiller opp, alt frå sportslege leiarar, nestleiarar, økonomiansvarlege, lagleiarar, trenarar, kioskansvarlege, dei som trakkar opp løyper, dei som bakar kakar og vaskar drakter, dei som ryddar etter oss utan at vi merkar det, spelaren som stiller opp eit år til for at ein kan stille eit lag ein sesong til – og mange, mange fleire. Tusen, tusen takk!
Takk til dei som no har sendt stafettpinnen vidare
Det er mange som har vore med lenge, men i 2021/2022 har det også vore ei utskifting av fleire av verva i hovudstyret. Vi ynskjer difor å takke dei som har vore med, og å gjere dei nye betre kjent hjå våre medlemmar.
Så, takk Per, Eva, Nils Magne og Magna for den enorme innsatsen de har lagt ned i SYRIL! Og ei ekstra takk til Per Hauge, som har vore leiar for Syril i meir enn 25 år! Me håpar at de framleis vil halde fram med å vera støttespelarar inn i Syril sitt arbeid.
Dei nye i styret
Som seg hør og bør må det jo vera nyttårsquiz, og i den anledning har laga ein presentasjon av dei som no skal sørgje for at Syril står stødig framover. Det kan vera til hjelp å lesa litt om desse før du svarar på quizen under. Og kanskje litt hyggeleg også å bli litt betre kjent med dei? Men, svara finn du også dårleg gøymt rundt om på syril.no, så vi kan nok ikkje skryte på oss at dette er ein spesielt vanskeleg quiz. 🙂
Og heilt til sist. Vi skulle gjerne ha fått presentert kvar enkelt av alle som stiller opp , men det rekk vi ikkje. Men, om det er noko du gjerne vil at skal få litt ekstra merksemd, send gjerne eit tips til oss (post@syril.no).
Vinnar av quiz blir trekt av dei som svarar rett innan 08.01.23, og vil få ein twistpose levert og spandert av nye leiar av Syril.
Eg har full kontroll – ta meg til quizen med ein gong 🙂 !
Presentasjon av hovudstyret:
Jørn Gåsvær

Jørn har leia friidrettsgruppa sidan 2020, og har vore trenar i Syril friidrett sidan han kom til Leikanger i 2009.
Jørn er oppteken av at Syril friidrett skal kunne gje eit trygt og fagleg godt breiddetilbod til alle aldrar og på alle nivå. Personleg er han spesielt oppteken av å trene dei som set seg høge mål og som vil satse på å kome langt innanfor friidretten.
Jørn har tidlegare vore trenar i fleire klubbar på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge i 15 år, og m.a. vore krinstrenar i spyd i Finnmark og i Sogn og Fjordane. Jørn har og vore leiar i friidrettsklubben Namsen i Namsos. Han var aktiv i friidrett i alderen 15-22 for Førde IL, med fleire krinsmeisterskap i gute- og juniorklassane, og ei besteresultat på 60 meter i spyd. No er Jørn aktiv i veteranfriidrett, og har tatt fleire medaljar på NM og sett krinsrekordar i 5-kamp kast for Syril.
Jørn har mest innsikt i kastøvingane, men kan og mykje om hopp, sprint, hurtigheit, spenst og styrketrening
Torill Felde

Torill er fødd og oppvaksen på Byrkjelo. Ho starta si idrettskarriere med deltaking i skikarusell og etterkvart handball. Ho seier sjølv ho ikkje utmerka seg spesielt i nokon av idrettane, men at det var ein god oppvekst i ei aktiv idrettsbygd. Ein av gledene ved å bli 15 år var at då fekk ho endeleg lov til å gå på sirkeltrening! Det kan også nemnast at ho også var aktiv innan orientering, men at det vart mange bomturar i skogen 🙂
Torill har budd i Leikanger sidan 1996, og har etablert seg her med man og to born. ho er spesielt glad i friluftsmogleikane i bygda, både sommar og vinter.
Torill har vore aktiv i fleire av gruppene i Syril. Først i barneskigruppa/skigruppa og barneidrett, så etterkvart som lagleiar i handball og fotball. Ho har også vore med i trimgruppa i mange år. I tillegg har ho vore med på pakking og utdeling av startnummer i samband med Kjeringi Open sidan ho kom til bygda, samt ymse dugnader i tilknyting til aktiviteten i Syril.
Birte A. Røysum
Birte er fødd og oppvaksen i Leikanger, og har vore aktiv innan fotball og handball sidan barndommen og inn i vaksenlivet. Ho har no ungar som også er aktive medlemmar i Syril, som ho føl tett opp som både lagleiar og trenar. Fotball og handball ligg hjarta nær.
Syril er ein viktig del av identiteten til Birte, og når ho sa seg ferdig som utøvar, så stilte ho opp som frivillig i klubben, og det har ho gjort sidan. I 2021 vart Birte tildelt Blå diplom frå NFF, som blir tildelt eldsjeler nominert av eigen klubb. I tillegg har Birte vore medlem av fleire styre, både som leiar, nestleiar og kasserar.
Inga Halsnes

Inga blei valt inn som leiar i mars, og er ein av dei nye inn i Syril. Ho har ein gjeng godt erfarne og dyktige folk i skigruppa. Ho er veldig glad i å både stå og gå på ski, men engasjementet for skigruppa stammar nok mykje frå hennar eigne gode minner frå Kleppa med skøyter på froskedammen, skikarusell, turar til fjellet og kjekke dagar i trekket.
Heldigvis for Syril har ho no flytta heim til Systrond, og ynskjer å gi sine eigne born dei noko av dei same mina som ho sjølv har fått. Det å sjå den enorme deltakinga på skikarusellen og korleis skileiken dei to siste åra har vokse til å bli skikkeleg populær, er ein inspirasjon som ho ynskjer å ta del av!
I tillegg motiverer det å sjå alle dugnadstimane som små og store legg ned på Kleppa, og ho håpar ho kan bidra med noko tilbake:) Vi er veldig glade for at Inga no er del av Syril hovudstyre!
Olav Haugen
Olav er opphavleg frå Borgund, men vart lokka til bygda av ei systrondsjente. Han har tre små born som snart alle er aktive som utøvarar i Syril.
I Jostedalen brukte han mykje av tid på å vera i fjella og spele fotball. I tillegg var han også ivrig skiløpar. Som mange av dei andre som sit på liknande verv, så er det gleda over å kunne følgje opp borna som gjer til at han stiller opp, og verv som trenar, lagleiar og nestleiar er ikkje framand for han.
Sindre B. Ramung

Sindre er født 1982 i Bergen, men har budd i Sogn sidan 2006. I 2014 flytta han til Leikanger. Sindre er gift med ei systrondsjente, og har tre barn. Dei to eldste er aktive i Syril, og den siste kjem nok straks etter.
Sjølv har han vore aktiv innan friidrett og fotball, men har no flytta seg over på den administrative sida av idretten, men det hender framleis at du ser han joggande langs vegen, eller som deltakar i Kjeringi Open.
Sindre er oppteken av breiddeidretten, og at Syril har eit variert aktivitetstilbod til barn og vaksne på Leikanger, og vi er heldige som har han med på laget i Syril.
Elianne Eggum

Elianne har vore del av Syril i fleire år både som spelar, trenar, lagleiar, styremedlem og styreleiar. Ho har alltid vore aktiv, og har spelt fotball sidan ung alder, og handball i fleire år etter at ho flytta heim til Leikanger. Når ho studerte i Skottland spelte ho også Gaelic football, som kan seiast å vera ein variant av dei to.
Men, det ho likar aller best er å vera ute og helst høgt oppe. Elianne er født og oppvaksen på Eggja i Leikanger, og oppveksten la nok grunnlaget for at fjellet i stå stor grad lokkar. Ho har to små born som dreg ho med ut, og som også sørgjer for å halde ho i aktivitet.
Dugnad ligg hjarta nær, og det å stille opp for kvarandre, ikkje berre sine eigne, gir mykje attende. Det å kunne vera tett på borna og å sjå korleis dei utviklar seg, er eit privilegium, ikkje ei plikt, sjølv om det til tider kan koste litt. Mantraet er at om alle gjer litt, blir det lite å gjera for alle. Ein kjem også inn i eit mijø der ein blir kjent med mange, og lærer mykje. Difor takkar ho ofte ja når ho blir spurt om å stille opp, og er glad for at så mange av medlemmane i Syril gjer det samme.
Karl Erik Johnsen

Karl Erik er gift med Mona, har 2 gutar, bur på Systrond. Karl Erik voks opp med ski på beina, og i ungdomsåra konkurrerte han mest på alpinski rundt om i Sogn. Seinare vart det telemarkski i Norges cupen og Åsnes cupen i gamle fylket. Han har gått Jostedalsbreen på langs 22 år på rad, og har fått prøva seg mykje i både sol, skodde, kulde, vind og regn på Norges tak.
Karl Erik har sete i hovudstyret i 30 år, og mesteparten av tida som nestleiar. Han var primus motor for bygging av ny skibakke og nytt skitrekk på Kleppa. Og i lang periode ansvar for drifta av skibakken frå opninga i 2000. Som styrerepresentant har han vore tett på planar og bygging av friidretts stadion, kunstgrasbane, ballbinge, idrettshall, lysanlegg, kjøp av lagsbuss og trakkemaskiner, og drift av Syril.
Karl Erik har også sete i styringsgruppa av Kjeringi Open frå starten i 1993 til i dag. Han har i alle år hatt ansvar for alle etappar og spesielt løypesetting av fyrste etappe. Han har også hatt ansvar for å skaffe 150-200 funksjonærar til arrangementet årleg. Sjølv har han vore Superkjering i samtlege år i Kjeringi Open. Han er ein skikkeleg tøffing vert det sagt. 😊
Ronny Rydningen
Ronny tok over vervet han no sit på i 2021. Ronny er ikkje frå Leikanger, men jobba her i sin spede ungdom, og vart verande. Det er ein gjengangar at vi har fått mange tilflyttarar takka vera systrondsjenter, og det er ikkje noko unntak med Ronny. Han bur saman med kone og born, som også er aktive inn i Syril.
Heidi Ravnestad
Heidi har budd i Leikanger i mange år, og har no born ho føl opp i Syril. Ho er aktiv i Syril, tidlegare som spelar og no som trenar. Heidi er oppteken av at ungane skal få vera allsidige, og har ungar som deltek i fleire idrettar. I ung alder er det viktig at ein får prøve seg på forskjellige ting, og ikkje låse seg fast til ein idrett. Vervet Heidi har, syner at ho står bak dette.