Nok ein kjempesesong for Syril Trim. I 2018 vart det selt meir Trim 30-kort enn turpost-kort. Vi tolkar det som om fleire ønskjer å bli aktive, og vonar at lågterskeltilbodet aukar lysta til å strekke seg lenger og ta alle 20 turpostane eit av dei neste åra. Så lenge ein tek turen i sitt eige tempo kan dei fleste greie det. Utsikt, natur, meistring og velvære frå turane overskygger innsatsen.
Alt Syril Trim får inn på sal av trimkort minus kostnaden til korta går til premiar. Både Erling Røysum AS og Små Livsgleder blir i år, som ifjor med på «å strekkje pengane» lenger ved å delsponse gåvekorta. Med fleire premiar aukar sjansen for at du blir ein vinnar!
Bruk dei siste haustdagane i slutten av oktober og byrjinga av november til å fullføre kort, men hugs for all del å levere dei inn hjå Erling Røysum AS eller Små Livsgleder. Vi hentar innleverte kort i midten av november.
Mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust! Ikkje gløym å sende inn nokre av dine bilete til Syril Trim. Kanskje vil ditt bilete pryde eit av korta for sesongen 2019.
I år tek vi ikkje inn bøkene, men lar dei ligge ute gjennom vinteren. Er ikkje boksen nedsnødd, kan du signere deg inn ute på postane våre.